Hovudpersonen i På Lyngsøya, Martin Brudalen, er 14 år når han misser begge foreldra i ei kollsegling. Han og halvsøstera Astrid blir berga, men Martin blir sidan splitta mellom erotisk skuldkjensle og martyrdraumar. Ei religiøs omvending sender han ut som forkynnar og reinleiksapostel, fram til han slår seg ned att på Lyngsøya som gift mann. Men han balar stadig meir med samvitskonfliktar, og katastrofen trugar då han blir gripen av tankar om offerhandlingar.