Fitjarøyane er eit eldorado for kajakkpadlarar. Her kan du henta padleopplevingar frå rolege, tronge sund til røffe dønningar frå storhavet. Du finn stadig nye område du kan utforska, og ikkje minst «gli inn på ein våg du ikkje visste om». Dei folketomme øyane me padlar rundt, var ein gong eit levande bygdesamfunn. Med kunnskap om det som ein gong var her, blir padleturane rikare. Med boka ynskjer forfattaren å visa fram dette padlefarvatnet til mange fleire enn dei som alt er kjende her.