Pappa var nesten på Woodstock - roman
«Ane Barmen skriv med snert og humor om vanskelege familierelasjonar.» Oddmund Hagen, Dag & Tid Theis bur åleine og har ikkje mykje omgang med andre enn hunden Snuppa. Men Snuppa er gammal og må avlivast, og Theis tek kontakt med dottera Ruby etter fleire års stille. Ruby kvir seg for å ha noko å gjere med den tidvis alkoholiserte faren. Ho og sambuaren har dessutan lenge freista å få barn saman, utan hell, og nye møte med faren minner henne om alt det dei ikkje får til, nokon av dei. Pappa var nesten på Woodstock er ein roman om korleis oppveksten formar oss, om skam og tilgjeving. Det ei forteljing omdei forventningane ein har til seg sjølv og til kvarandre, og om korleis det ein ønskjer seg aller mest, ofte er nærare enn ein skulle tru.