menu-bar All the categories

350,00 kr 306,00 kr

Denne store og staselege boka, gjenomillustrert i fire fargar, er resultat av eit omfattande nordisk samarbeid. For vel eit år sidan sette 15 kjende nordiske barnebokforfattarar kvarandre stemne på Island, sagaøya der spøkjelsestradisjonane er høgst levande i folks medvit. Etter fruktbare diskusjonar arbeidde forfattarane vidare, og etter kvart kom 15 illustratørar frå dei same språkområda med. Dette er ei skattkiste med nifse, spennande og uhyggelege historier for barn i 9-12-årsalderen. Boka kjem ut samtidig på 8 språk. Ragnar Hovland og Atle Hansen representerer Noreg på forfattarsida.