Råstoffet i Per Spelmanns Comeback er opptak av ein livesession med Ivar Orvedal (spoken word) word), Jakob Eri Myhre (trompet), Marius André Olsson (trommer), Håkon Norby Bjørgo (kontrabass) og Aksel Westlund (gitar). Blindfold utøving i eit heimestudio, der utøvarane også tok i bruk kjøkken og stove for å separere instrument og stemme. Lyttande årvåken improvisasjon av ein kombo som også fangar melodiøse, lyriske og besvergande aspekt som dukkar opp undervegs. Kunstnarleg utfordrande, men utilgjort og jordnært. Vidareforedla i studio av Ivar Orvedal i dialog med miksar og multimusikar Geir Sundstøl, som dyrkar kunsten å spele opp på sitt eige vis. Dei fleste tekstane på plata kan ein finne i boka Postreptilia