menu-bar All the categories

198,00 kr 172,00 kr

Annemarte bur hos mor. Ho er sjeldan hos far. Ein dag ho er sint på mor, rømmer ho likevel til far. Altfor seint oppdagar ho at ho verken kjenner eller liker han. Og det blir ikkje betre når det begynner å skje mystiske ting i huset. Ein morgon finn nemleg Annemarte ein levande orm i ei eske. Kven er det som har gitt Anne.marte ei slik skremmande gåve? Og eg må vere rask! Du skal få sjå, det skal vere orm her! Det skal bli nett som eg har sagt. Orm! Fleire ormar! Om det er det du vil ha! Erna Osland (1951) er frå Høyanger i Sogn og busett i Matredal i Hordaland. Ho debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natte.ramnen og har skrive bøker for barn, ungdom og vaksne. Har mellom anna motteke Brageprisen 1999, Nynorsk barnelitteraturpris 1995, Kulturdepartementets teikneseriepris 1996, Skolebibliotekforeningens pris for 1992, Damm-prisen 1991 og Diplom Pier Paolo Vergerio (europeisk barnebokpris) 1994.