menu-bar All the categories

179,00 kr 168,00 kr

Innsiktsfullt om relasjonar og maktspel Synnøve skriv på ein roman om faren, men klarer ikkje å halde fram når ho må reise heim for å halde han med selskap i jula. Ho saknar den han var før han blei råka av hjernebløding; den suverene faren, levemannen, kompisen, han ho kunne snakke med om alt. I staden byrjar ho på historia om tre ulike kvinner, tre liv som etter kvart flettar seg saman. Studina Mari forelskar seg i rettleiaren sin, men mistar seg sjølv på vegen, skodespelerinna Live vil gå frå kjærasten sin, men følgjer i staden etter henne, åleinemora Anna prøver å finne fotfeste etter eit samlivsbrot.