menu-bar All the categories

279,00 kr 244,00 kr

Frå svartedauden til covid-19. Det har vore skikkeleg tøffe pandemiar i Noreg også før koronaen. Den mest kjente er svartedauden, men også tuberkulose, koppar, lepra og polio har ramma folk og samfunn på brutalt vis. I denne boka fortel Anders Totland om mange av dei verste pandemiane, gjennom skjebnane til enkeltmenneske. Vi får høyre om losen Knud Jensen som blei smitta med kolerabakterien av lapskausen om bord i skipet han førte ut Drammensfjorden. Vi blir også kjent med Marie Myhr som mista halve familien sin i spanskesjuka tidleg på 1900-talet. Mot slutten av hundreåret blei Jacob Hermansen ramma av hiv-/aids-sjukdommen. Han fortel sjølv korleis han opplevde det, og kva for konsekvensar det hadde, men også om korleis livet etter kvart gjekk vidare. Boka handlar også om vaksinar og korleis sjukdomane er blitt slått ned. Vi får håpe det er situasjonen for vår tids verste pandemi òg når boka kjem ut i august. Målgruppe frå ti år - og langt oppover. Spennande og lett tilgjengeleg for