Peter Hognestad (1866-1931) var biskop i Bjørgvin frå 1916 til 1931, etter at han hadde vore styrar ved Notodden lærarskule, bygdeungdomsprest i Kristiania og lærar ved Menighetsfakultetet. Bondesonen frå Jæren gjorde eit uvurderleg pionerarbeid for nynorsk bibelog kyrkjespråk. Saman med Anders Hovden og Bernt Støylen gav han i 1925 ut Nynorsk salmebok, og han stod sjølv for folkekjære gjendiktingar som «Det hev ei rosa sprunge», «Leid milde ljos» og «Fager kveldsol smiler». Hognestad var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål, Studentmållaget sin «Fyrebilsbibel» frå 1921. Peter Hognestad var ein samarbeidsmann som engasjerte seg i bade frilynt og kristeleg ungdomsarbeid. Samstundes var han prinsippfast, og det skapte sterke reaksjonar at han konsekvent brukte nynorsk både i undervisninga ved Menighetsfakultetet og som biskop i Bergen. Førsteamanuensis Per Halse er fødd i Ørsta 1957. Han har teologisk embetseksamen frå Menighetsfakultetet og tilleggsutdanning i his