Liker du å skru bitte små ting frå kvarandre, berre for å sjå korleis dei fungerer? Liker du kanskje å lage mat? Er det deg alle kjem til når dei har problem med dataen? Er du ein som liker å ta vare på folk, slik at alle har det bra? Liker du å teikne eller å snikre? Trivst du best utandørs, i naturen? I arbeidslivsfaget får du høve til å bli enda betre kjend med deg sjølv og alt du er flink til. Slik får du eit godt utgangspunkt for å finne ut kva du eigentleg vil bli. Her får du trening i å løyse praktiske oppgåver, slik dei skal løysast ute i det ordentlege arbeidslivet. Kanskje du til og med startar ei elevbedrift? I denne boka gir vi deg ein modell for korleis praktiske oppgåver kan løysast på ein god måte. Modellen er kalla Pila og har også gitt namn til boka. Du kjem til å arbeide med idéutvikling og planlegging av oppgåver som skal løysast, der nettopp evnene, interessene og ideane dine er viktige ingrediensar. Du får også trene på gode produksjonsprosessar, marknadsføring og