menu-bar All the categories

376,00 kr

Harold Pinter (f.1930) livnærte seg som turnerande skodespelar i ungdommen, og blei i 1957 spurt om han kunne skrive eit stykke som eit studentteater i så fall skulle setje opp veka etter. Pinter gjekk i gang, og på fire dagar skreiv han The Room. Og med det rommet, der ei dør fører ut til ei fiendtleg og farleg veg, er ein av dei grunnleggjande dramatiske situasjonane i Pinters forfattarskap etablert.Harold Pinter har sidan skrive ei lang rekke stykke, dei fleste ganske korte, og noko av det som imponerer mest med forfattarskapen er den konsekvens, den stadige variering av det same, eller om ein vil, den mangel på fornying, som lar seg følgje i stykka hans, til dømes i Landskap, Stille, Natt (frå rundt 1970) og i Ingenmannsland (1975), fram til Av jord er du komen (1996).