menu-bar All the categories

399,00 kr 347,00 kr

Paal-Helge Haugen er ein av Noregs mest sentrale lyrikarar. På 60-talet tilhøyrde han den mykje omtala Profilgenerasjonen, og han var tidleg ute med ei orientering mot orientalsk lyrikk: japansk haiku og kinesiske dikt. Seinare retta han blikket mot den amerikanske moderne lyrikken.Dikt i samling 1965-1995 inneheld Paal-Helge Haugens samla diktproduksjon i perioden, med unntak av omsetjingar og bøker som er skrivne i samarbeid med andre lyrikarar. Her finst og nokre lause dikt som ikkje har vore trykt i bokform.