menu-bar All the categories

299,00 kr 260,00 kr

Fosse i dialog med Wergelands dikt Då Jon Fosse i 2011 flytta inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturintesserte nordmenn flest. Han gjekk i gang med å lese meir både om og av den tidlegare Grottebuaren. Fosse vart imponert over kor uhorveleg mykje Wergeland hadde skrive og feste seg særleg ved lyrikken hans. Fosse las og noterte sitat og anna i margen attmed dikta til Wergeland. Desse notata er utgangspunktet for denne samlinga. Jon Fosse har skrive eigne dikt ut frå det han har teke med seg frå Wergelands lyrikk. Dette er skrift over skrift. Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna.