menu-bar All the categories

329,00 kr 286,00 kr

Frå Island kom sagaer om verdigheit og heltemot. I dag handlar historiene snarare om grådigskap. Det islandske vokabularet endra seg med den økonomiske boomen på 00-talet. Kva er då historieforteljaren sitt verktøy etterpå, når krakket er eit faktum, når dei frosne formuene har smelta og kredittbobla broste? Dette er noko av det Mette Karlsvik (f. 1978) utforskar då ho vitjar Island sommaren 2010: Mens dagane er på sitt lengste, tar ekspønkar og surrealistpoet Jón Gnarr over ordførarstolen i Reykjavik. Samstundes som vulkanen under Eyjafjallajökull hikstar for siste gong, samtalar Karlsvik med dei som no skal bygge eit nytt Island på ruinane av det gamle.