Postreptilia (LP + DIKTHEFTE)
Ivar Orvedal, Laura Marie Rueslåtten, Geir Sundstøl m.fl. Ivar Orvedal, mangfaldig kunstnar og poet, arbeidar for å ivareta eit komplementært og inkluderande kunstnarleg uttrykk. Hans poetiske strofer finn vi i særeigne kunstnarbøker. Postreptilia er ei samling sonor poesi som kjem i spesialutgave saman med vinylalbum. "Ny poesi samtaler med gjenværende bruddstykker fra mange av skriftens epoker og utvikler seg på norsk og engelsk i virkningsfullt samspill med klang, typografi og grafisk design." Utgivelsen er tidenes første norske album med carillon (klokkespel) fullstendig integrert. Spoken word møter dynamisk improvisasjon og spontan komposisjon på klokkespel. Laura Marie Rueslåtten er klokkenist i Oslo rådhus, men opptaka er gjort i Uranienborg kirke som har eit av landets finaste klokkespel og der vi let bakgrunnstøy frå dageligdags byliv vere ein del av eit dynamisk og transparente klangbilete. Produksjonen er vidareført av Ivar Orvedal i tett samarbeid med miksar og multimusikar Geir Sundstøl som også har tilført klang frå mange andre instrument. Litterært arbeidar Ivar Orvedal for å skape ny sangbotn for mytologi, samtidslyrikk såvel som naivistisk daglegtale, gjerne i dialog med dei som opp gjennom historia, med hjelp av epokeskapande symbol og språk, har minna oss om vilkåra for liv og rørsle. Også klokker har i dei fleste kulturar vore åndefulle innslag. Støypeprosessen er knytt til grunnelementa og menneska si oppdaging og målretta bruk av eld. Bronselegeringa som eit klokkespel er støypt av er dobbelt så gammal som vår tidsregning og klangspekteret er mellom dei vidaste vi kan høyre når det blir spela av virtuose utøvarar som Laura Marie Rueslåtten. Det litterære innhaldet får samstundes utspele seg i vakker dialog mellom norsk og engelsk språk. Oversetjar er Ingrid Haug som ved sida av arbeidet som oversetjar er lærar i amerikansk litteratur ved Universitetet i Oslo, Bergen og Tromsø. Meistar for visuell utforming av plateomslag og teksthefte er typograf og kalligraf Ellmer Stefan og grafisk designer [Modest] Rune Døli. Også dei i vitalt samarbeid med Ivar Orvedal som er ansvarlig produsent. Postreptilia er resultatet av ein type inkluderande samarbeid der alle medverkande tek med erfaring frå sine strengare definerte fagfelt for å skape eit omfangsrikt kunstnarleg kraftfelt. Skrive om Ivar Orvedal og Postreptilia: "Noen av diktene til Ivar Orvedal er så enkle i utstyret at man først ikke merker at det går skred i dem, man må til kinesisk og japansk poesi for å finne en lignende dynamikk" (Arve Kleiva, forfatter, konsulent). "Ny poesi samtaler med gjenværende bruddstykker fra mange av skriftens epoker og utvikler seg på norsk og engelsk i virkningsfullt samspill med klang, typografi og grafisk design. Remedium og fremgangsmåte kan sies å være urgamle, og en slik årvåken og ladet samordning av poetiske uttrykk skaper en helt ny opplevelse. I det gamle og i det nye i fullt monn! Musikken er klart til stede også i det litterære. Desto...