menu-bar All the categories

379,00 kr 329,00 kr

Skarpt om alderdom og verdigheit.Mali Fredrikke Sjursen er 79 år gammal. Til no har ho budd heime, men då helsa skrantar, kjem ho på avlastning på sjukeheimen. Der byrjar ho å gruble over tilfeldigheitene som styrer eit liv, det som blir noko av, det som ikkje blir noko av, og alt som blir halde skjult. Kan Mali bli forsona med sonen Thomas, det einaste barnet ho fekk? Kva med den avdøde søstera Jenny, som er den einaste grunnen til at ho sjølv blei fødd? Med eit presist språk og tette, morosame dialogar viser Holvik korleis livet kan arte seg mot slutten, når ein tenkjer skarpt og klart, men likevel er heilt avhengig av andre for å halde det gåande. Det handlar om alt ein brenn inne med og alt ein skyv frå seg, heilt til det siste.