Profesjonsetikk for psykologar
Som psykolog vil ein stå overfor ei rekkje etiske utfordringar, både som behandlar og i andre roller. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis du kan bu deg på utfordrande situasjonar du kan møte som psykolog. Forfattarane viser korleis profesjonsetikken spring ut av det samfunnsmandatet psykologar har. Profesjonsetiske retningslinjer (EPNP) og gjeldande lovverk blir gjennomgått, og tema som teieplikt, bruk av tvang, fagleg tvil og rolleforståing blir grundig behandla. Kjennskap til grunnlagsetikk er eit viktig bakteppe for etisk refleksjon, og i eit eige kapittel blir dei viktigaste etiske teoriane presentert. Her viser forfattarane korleis teoriane gir ulike inngangar til etiske dilemma. Forfattarane illustrerer typiske etiske problemfelt gjennom gjenkjennelege vignettar der studentane blir inviterte til å bruke «Den etiske beslutningsprosessen» for å oppøve etisk refleksjon. Avslutningsvis blir forskingsetikk behandla i eit eige kapittel. Nina Dalen (f. 1960)