menu-bar All the categories

259,00 kr

Har du lyst å prøve eit yrke i praksis? I faget prosjekt til fordjuping får du sjansen til nettopp det. Der får du prøve ut yrke og lærefag innanfor utdanningsprogrammet ditt. Denne boka gir deg gode råd og tips med på vegen. Ho seier litt om kva som blir venta av deg i arbeidslivet, og om kva tilbod som finst. Du lærer å lage din eigen opplæringsplan, og du lærer å ta vare på andre på arbeidsplassen, om å vere punktleg og om fråvære, om initiativ, om å vere sjølvstendig, om samarbeid og mykje anna. Freistar det med arbeidspraksis i utlandet, kan du lese om kva tilbod som finst for det også. Boka inneheld forslag til brev og skjema, til dømes skjema for arbeidslogg og skjema for oppfølgingssamtale. Er du nøyen med å fylle ut alle skjema medan du er i praksis, har du den dokumentasjonen du treng i tillegg til kompetansebevis når du seinare skal skrive lærekontrakt. Kyrre Romuld er lektor ved Hafstad vidaregåande skule i Førde, der han underviser i utdanningsprogrammet service og samferd