menu-bar All the categories

329,00 kr 286,00 kr

Han er omtalt som ein trollmann med kor og musikalsk eventyrar. Då han på 1970- og 80-talet innleidde korsamarbeid med Vårsøg og Ytre Suløens Jass-ensemble, førte det til kritikk, men også mange superlativ. Seinare er det blitt internasjonal musikkmiks på fleire kontinent. SKRUK-dirigent Per Oddvar Hildre, alias Prots, er i dag reisande i kultur førti veker i året. Mange tusen koristar har opplevd eit eller fleire av korseminara hans. Han er kjend i mange musikkmiljø . det vere seg i New Orleans, Beijing, Antananarivo, Lima eller Baku.I 1979 etablerte han Det Norske Kammerkor som lanserte barbershop på norsk og gjøgla rundt i Norge og utlandet med barbershopsongar for kor. Forfattar Stig Nilsson teiknar eit portrett av dirigenten, pedagogen og kulturmiksaren Prots. Møte med andre kulturar, dirigentrolla, musikk, song, tru og liv er blant tema som blir tatt opp.