Slik eg les Jorunn sine tekstar, så kan dei gje støtte til andre som lid under eit snevert bilete av seg sjølv. Det er tekstar som stiller krav til hjelparane, og viser kor lett det er å svikta den ein er sett til å hjelpa. Samlinga er tydelege dikt i eit språk som alle kan forstå og finne eiga erfaring i. Den går til kjernen av kva som ofte skapar og held oppe psykiske lidingar. Ei diktsamling som denne bør kunne få plass i utdanninger på mange nivå innafor den psykiske helsetenesta - Psykologspesialist Haldor Øvreeide Jorunn Valid Svellingen, fødd 10. mai 1950 i Fyresdal i Telemark. Gav ut diktsamlinga «Barndomslandet» i 1998. Har publisert mykje dikt i lokalavisa «Os & Fusaposten», og arbeidde tidlegare ein periode som frilansjournalist for same avis.