PULS Helse (vg1) handlar om korleis menneskekroppen er bygd opp og fungerer gjennom livet. Elevane lærer om systema for kommunikasjon, transport og bevegelse i kroppen, fordøyelsen, huda og immunforsvaret. Dei får solide kunnskapar om faktorar som fremjar fysisk og psykisk helse: smitte og hygiene, kosthald, fysisk aktivitet, ergonomi og livsmeistring. Denne gjennomillustrerte boka set anatomien og fysiologien til mennesket i eit livsløpsperspektiv.Læreverket PULS består av tre lærebøker i trykt og digital utgåve (d-bok med innlesen lyd) elevressurs lærarressurs