menu-bar All the categories

529,00 kr

Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for Vg1 helse- og oppvekstfag etter fagfornyinga. Serien omfattar tre lærebøker som følgjer programfaga: Yrkesliv Kommunikasjon Helse Ein tverrfagleg nettressurs til læraren og eleven finn du på fagbokforlaget.no. I Puls Yrkesliv møter elevane eit ryddig og oversiktleg verk som er enkelt å bruke. Eit illustrert persongalleri følgjer dei gjennom boka og gjer det faglege lett å kjenne att, relevant og praksisnært. Elevane blir godt kjende med helse- og oppvekstyrka og får innsikt i korleis denne sektoren er organisert. Dei får kompetanse i arbeidsprosess og tverrfagleg samarbeid, aktuelt regelverk, brukarmedverknad, HMS, hjelpemiddel, velferdsteknologi og etiske utfordringar i yrkesutøvinga. Læreboka har ordforklaringar, samandrag og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til aktivitet, drøfting i fellesskap og djupnelæring.