Rambuku ; Skuggar : to skodespel
I Rambuku står eit eldre ektepar på overgangen mellom liv og død. Kvinna talar og mannen teier. Dei står klare til å reise til å reise til den andre sida, inn i det ukjende, til Rambuku. Mens dei prøver å få auge på det som ligg framfor dei, ser dei tilbake på det som har vore. Stykket hadde urpremiere på Det Norske Teateret i 2006. Historien i Skuggar kjem sakte til syne i eit landskap som ikkje er lett å definere. Ein mann møter igjen gamle kjenningar, som kona som forlet han for bestevenen. Også foreldra hans og kvinna til faren er der. Dei er samla igjen, dei forstår ikkje kor dei er, og dei slepper ikkje unna kvarandre. Stykket hadde urpremiere under Festspillene i Bergen 2006