Forteljing skjer alltid på ein bestemt stad, i eit hus, i eit rom, skriv den franske forfattaren Marguerite Duras, ei innsikt som ho spinn vidare på; at det stadbundne ikkje berre gjeld det å skape, å skrive, men òg korleis ein skal leve, at òg der handlar det om at det skjer ut frå ein stad. I essayet «Tvetydighetens etikk» skriv den franske fiosofen og forfattaren Simone de Beauvoir om korleis vi forvaltar fridommen vår og peiker på at det vi gjer som frie individ, vala våre, påverkar andre - og det må vi ta ansvar for. Som ho skriv: «Våre friheter støtter hverandre lik steinene i en hvelving, men det er en hvelving som ikke holdes oppe av noen søyler.»Forfattarane i denne essaysamlinga tematiserer og utfordrar på ulike måtar førestillingane våre om fridom - og at dei skriv frå ulike randsone. I økologien betyr randsone eit grenseområde som kan fungere som utvekslingsstad og spreiingskorridor for ulike artar. Dei randsonene vi møter i denne boka, knyter seg i stor grad til ei (ut)vek