Josef er nazidoktor under Holocaust. Han oppdagar at kampen mellom det gode og det vonde ikkje berre utspelar seg mellom ulike menneske, men inni kvart einskild individ, inni sjølve arvestoffet til kvar og ein av oss. Josef drøymer om at det ein gong i framtida skal bli mogleg å reinska bort all vondskap, alt svakt og all tvil, ikkje berre folkegrupper imellom, men inni kvar menneskeleg celle. Skodespelet Rein natur er Maria Tryti Vennerød sitt bidrag til storstatsinga Andre verdskrigen - Natt i verda, som hadde premiere på Det Norske Teatret 27. februar. Vennerød er den einste norske dramatikaren som er med.