Reiseliv og språk er eit spennande fagområde i så mange samanhengar. Reiseliv og språk 2 byggjer på Reiseliv og språk 1 og tek først og fremst for seg kulturelle og språklege erfaringar som er knytte til ulike geografiske område, med vekt på interkulturell forståing, reiselitteratur, formidling og ulike reisefaglege emne. Boka følgjer i all hovudsak den strukturen læreplanen i faget legg opp til. Når det gjeld formidling, legg forfattarane særleg vekt på reiselivsjournalistikk. Slik får du ikkje berre brukt framandspråka dine, men også morsmålet - til å reflektere, tolke og formidle eigne inntrykk og reiseopplevingar. Kyrre Romuld har yrkesbakgrunn frå mellom anna reiseliv, forsking, bank og offentleg forvaltning. Han er lektor med mastergrad i samfunnsfag. Siv Sandøy har det meste av yrkesbakgrunnen sin frå Braathens og SAS. Ho er lektor med mastergrad i reiselivsfag. Anne Løschbrandt har fleire års praksis frå reisearrangør- og reisebyråverksemd og som frilans reiselivskonsulent både