Religionen og verdigrunnlaget for samfunnet - studiar til grunnlovsjubileet 2014
Med faglege utgangspunkt som teologi, fi losofi , sosiologi, religionshistorie, idéhistorie, litteraturvitskap og juss vil artikkel samlinga kasta lys over korleis «religionen» har prega og framleis pregar verditradisjonane i samfunnet vårt, med europeiske og verdsvide utviklingsdrag som horisont. Ut frå historia vår vert kristendommen sin verdiformande rolle ståande i fokus. Dei fl este bidraga stoggar ikkje ved det deskriptive, men vil vera med på etablera ein open diskurs om både prinsipielle spørsmål knytte til religionens funksjon som verdi forankring og til aktuelle utfordringar i den norske samtids konteksten.