Dette er 4. utgåva (2018) av Hasse Bergstrøms Rettslære 2. I forhold til forrige utgåva er ho oppdatert med ny lovgiving og nyare rettspraksis, blant anna på området kjøps- og forbrukarrett. Ugyldigheit i avtaleretten er grundigare behandla. Det same er arbeidsgivaransvaret i erstatningsretten, blant anna med særskilt behandling av kva erstatningsansvar det offentlege har som arbeidsgivar. Mykje av oppgåvestoffet er fornya. Når det kjem endringar i aktuelle lover før neste utgåve kjem ut, blir det lagt ut oppdatert tekst i nettressursen, og løysingsforslaga blir oppdaterte i samsvar med den nye lovgivinga. Ny tekst som omhandlar den nye personopplysningslova, kan lastast ned under kapittel 6 i nettressursen.