RIK bibelbruk er skriven for alle som ønskjer å gje Bibelen meir plass - i forsamlinga, i bibelgruppa og i eigen kvardag. I boka blir vi kjende med grupper av kristne i andre delar av verda, grupper som i mange år har kome saman for å lesa frå Bibelen. Gjennom desse historiene og spørsmåla til kvart tema utfordrar RIK bibelbruk lesarane til å ta Bibelen meir i bruk i det kristne fellesskapet.