menu-bar All the categories

249,00 kr

Som hans førre, kritikarroste novellebok Sjabervik (2011), tar Ortens nye samling utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lar oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han menneskets uforanderlegheit gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, runeinnskrifter, bånsullar, kulokkar, balladar, preiker, graffiti og amerikabrev. Vi blir vitne til ei reise gjennom historia, og får oppleve ei rekkje ulike menneskeskjebner, frå det fyrste steinaldermennesket som kjem roande nordover med eit lite barn, den namnlause trælen som ventar på å bli løyst, den vakre tenestetausa Dagny, soldaten Erik og den bekymra faren hans og fram til den gravide tenåringsjenta som slit med å gjennomføre skulen, den prostituerte Maria og den femti år gamle firehundremeterløparen som ønskjer å vinne tilbake gamlekjærasten sin. Risp i berget er ein overbevisande kollasj av livsglimt, som spenner frå det dramatiske til det kvardagsleg