Rjukanfossen, Traditional Hardanger Fiddle Tunes From Tinn I Telemark
Utgjevinga av Rjukanfossen lyfter fram slåttetradisjonen i Tinn representert ved to av dei fremste utøvarane i vår eiga tid - spelemannsbrørne Gunnar (1902-1988) og Johannes (1890- 1980) Dahle. Basert på NRK-opptak syner denne utgjevinga utviklinga og modningsprosessen ein spelemann går igjennom i ulike livsfaser; den unge utøvaren – den modne utøvaren – den eldre utøvaren. Dobbel-CDen illustrerer utgjevinga den personlege, kunstnarlege utviklinga hos to spelemannsbrør som i utgangspunktet lærde dei same slåttane av den same læremeistaren, men som musikalsk utvikla seg i kvar si lei. Slåttespelet i Tinn er eit referansepunkt innan hardingfeletradisjonen i Noreg.