RLE i klemme: Ein studie av det erfarte RLE-faget Emna i RLE-faget tek opp dei meste grunnleggjande spørsmål for menneska og er gjeve viktige integrerande mål i skule og samfunnet elles. Men KRL og RLE-faget har vore og er omdiskutert både i og utanfor skulen, og læreplanen har hatt stadige endringar i tittel og innhald. Endringar i læreplanar er enkle å registrere, men kva har skjedd med faget i praksis? Kva kan ein seie om stoda for faget i dag i lys av læreplanen? Denne boka prøver å svare på det, og ho er skriven på bakgrunn av ei omfattande undersøking av RLE-faget i Trøndelag og Nord-Noreg i 2011 2013. Ei forskingsgruppa av lærarutdannarar i desse områda har gjort spørjeundersøkingar, drive observasjonar og intervjua elevar, foreldre, lærarar og rektorar på til saman 12 skular og spurd korleis dei opplever faget. Materialet er analysert, tematisert og vidare teoretisert i lang rekkje område. Vinklinga er fagdidaktisk og praksisnær, dvs. med sikte på å vere til nytte som bakgrunn