Om å finne ro.Eventyrar og forfattar Sigri Sandberg er ei travel tobarnsmor. Ho bur tre ulike stader og er mykje på farten. Midt i koronakaoset får ho urovekkande meldingar: sjukdom og død, venner som har det vanskeleg, og skakande rapportar om korleis det står til med kloten. Sandberg lengtar etter ro. Kan det hjelpe å ro? Sigri Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over 20 mila i verdas lengste farbare fjord, i ein gamal trebåt. Ho startar ytst i havet, i Gulen, der ho budde som lita, og ror mot Luster, der mannen hennar bur no. Undervegs fortel ho om kvardagen då fjorden var riksvegen, om Henrik Wergeland som sigla der i ein storm i 1832, og om den mest omtala ubåtjakta i norske farvatn nokosinne. Ho fortel om natur og vind og straumar og livet under vatn, og om folk og dyr ho møter. Det blir bølgjer og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading.Men er ho sterk nok, klarer ho å ro heile fjorden, finn ho ro?