Den prislønte men psykisk sterkt tyngde omsetjaren Bodvin Rovde har enda opp i eit nedslite syttitals-småbruk ved svenskegrensa. Sjølv om han av prinsipp avskyr alle publiserte forfattarar, er han blakk, og ser seg dermed nøydd til å omsetje ei bok for Det Norske Samlaget. Oppdraget er ein seksuelt kåt roadmovie skriven av den kjende professoren Simon Anderson ved Institutt for nytta kjønnsforsking i Sandane. Men før Bodvin Rovde set i gang med omsetjinga, får vi servert hans eiga botnlaust mistrøstige livssoge. Frå oppveksten i Vanylven ber det via kjøleskapsforsking ved det nyoppretta Universitetet i Haugesund til Amerika. Etter eit lite strategisk erotisk eventyr ved eit norsk-amerikansk college endar Bodvin som barpianist i Las Vegas. Og her skyt det verkeleg fart i undergangen.På nokre nevrologiske punkt støyter livet til Bodvin saman med den teksten han skal omsetje. Da snører alt seg til, og forfattaren, Walton, er nøydd til å melde seg i teksten for å rydje opp. Da vert jo sjøl