Kvar dag gjennom heile året, sommar som haust, vinter som vår, år ut og år inn, vippar Aftenbladets fotografar kamerareima over aksla, lukkar seg ut av Aftenbladets lokale og går ut i det landskapet me kallar Rogaland. Oppdraget deira: Å frysa fast nye hundredelssekund med kameraet sitt. Denne boka er eit utval bilete tekne av Aftenbladets fotografar gjennom dei siste åra. Her er korte glimt av kvardag og av fest i Rogaland, av menneske og landskap, hav og fjell, by og land. Løfta ut av den hektiske aviskvardagen og inn i ei bok får desse bileta ei ny ro, ein ny dimensjon. På sitt beste kan desse bileta gjera oss i stand til å sjå det kjente landskapet rundt oss på litt nye måtar, frå litt nye perspektiv. I tillegg byr boka på tekstutdrag frå ei rekkje kjære rogalandspennar, valde ut etter lystprinsippet. På sitt beste snakkar orda og bileta saman, og skaper eit større heile enn dei to enkeltdelane lagt saman. Nye bilete. Nye augneblinkar. LARS IDAR WAAGE (f. 1979) har jobba som fotojo