menu-bar All the categories

349,00 kr 303,00 kr

Denne boka er meint å vera ein hyllest til Rolvsnesbåten og dei som var med på å bygga han. Boka er ei lokalhistorisk tidsreise, der me fygjer utviklinga til båtbyggeriet og Rolvsnesbåten frå1944 til 1989. Sidan det var relativt små båtar som vart bygde ved Johs. Østensen Båtbyggeri, vil eg med boka slå eit slag for desse mindre båtane i lokalsamfunnet vårt. Dei små båtane var kvardagsbåtar, - eit framkomstmiddel, slik bilane er det i våre dagar. Eit viktig hjelpemiddel i eit veglaust øysamfunn.