Rom ved havet, rom i byen
Denne novellesamlinga er som ein ekskursjon inn i kjærleiken. Frode Grytten har spora opp ti rom ulike stader på kloden - rom der folk finn kvarandre eller går under, der dei øydelegg kvarandre eller elskar med stille kraft. Når Grytten går inn i desse romma, er det for å finne ut meir om kva som gjer oss til menneske. Det handlar om å gå, om å bli og om å stanse rett framfor katastrofen. På vakkert vis skildrar Grytten det vi allereie hadde ein mistanke om: Hjartet er ein einsam jeger.