menu-bar All the categories

484,00 kr

Reiseliv er eit spennande fagområde med mange yrekstilbod. Reiseliv og språk 1 kombinerer arbeidsformer, erfaringar og tekstar frå yrkesfaglege og studiespesialiserande utdanningsprogram. Du får mellom anna god tid til å reflektere over dine eigne språk- og kulturopplevingar, du lærer om reiseliv i fortida og framtida, og du kan bruke kunnskap om vertskapsrolla til å gi deg sjølv og gjestene dine endå større utbyte av små og store kulturmøte. Kyrre Romuld har yrkesbakgrunn frå mellom anna reiseliv, forsking, bank og offentleg forvaltning. Han er lektor med mastergrad i samfunnsfag. Siv Sandøy har størstedelen av yrkesbakgrunnen sin frå Braathens ASA og SAS. Ho er lektor med mastergrad i reiselivsfag. Anne Løschbrandt har fleire års praksis frå reisearrangør- og reisebyråverksemd og som frilans reiselivskonsulent både i Noreg og utlandet. Ho har i mange år undervist i reiselivsfag. Knut Øystein Høvik har i fleire år undervist i den vidaregåande skolen og på høgskolenivå. Han er lektor med hovudfag i engelsk.