menu-bar All the categories

498,00 kr

Kva er det med Telemark? Namnet har ein eigen klang, og slik har det vore i fleire hundre år. Telemark vart som region eit av dei mest kjende merkenamna i Noreg. Telemark fostra nokre av dei fremste diktarane, og her stod skisportens vogge, men regionen vart også eit hovudområde for både den nasjonsbyggjande folkekulturen og den moderne industrikulturen. TELEMARKS HISTORIE er den første breie, samla framstillinga av Telemarks historie. Verket omfattar tre rikt illustrerte bind med til saman fleire hundre bilete og andre illustrasjonar. Til saman 27 forfattarar har skrive verket, alle framståande fagfolk med røynsle i å formidle historie og lokalhistorie for eit breitt publikum. BIND 3 fortel historia om utviklinga av det moderne samfunnet frå 1905 og fram til i dag.