menu-bar All the categories

349,00 kr 305,00 kr

Vakker forteljing om den siste dagen i eit langt liv. Rut har eit forutsigbart og trygt liv, og denne dagen byrjar som alle andre dagar. Til ho møter Malik, den nye mannen som dukkar opp på Bedehuset, og som minnar ho på dei sterke ungdomsåra i Afrika. Sjølv om ikkje alle minner er like velkomne, let dei seg ikkje utan vidare stoppe på dørterskelen. Rut må sjå både seg sjølv, livet og døden i eit nytt lys. Med ei sjeldan kjensle for det som går føre seg mellom menneske, syner Bergljot Nordals roman oss at ein gamal kropp ikkje alltid huser eit gamalt sinn. Bergljot Nordal (f. 1976) debuterte i 2009 med Magda. Ho bur og skriv i Ål i Hallingdalen.