Versto skriv om forholdet mellom kjønna. Vi kjenner ikkje Den andre fullt ut fordi vi ikkje kjenner oss sjølv fullt ut. Og omvendt. Difor brukar han relasjonen mellom mann og kvinne - som er ein heilt grunnleggjande relasjon i tilværet for dei fleste av oss - til å undersøkje det relasjonelle generelt sett.Boka kan lesast som ei samling enkeltdikt. Samstundes spring den rytmiske, repeterande forma i redigeringa av dikta ut frå eit syn på boka som eit heilskapleg verk. Der er altså ein relasjon mellom dei enkelte delar og heilskapen - i samsvar med det som er bokas innhaldsmessige tema. Dette er sjølvsagt ein freistnad på å la form spegle «innhald» på ein måte som kan aktivere lesarens eigen poetiske sans.