menu-bar All the categories

179,00 kr 168,00 kr

Lundetrilogien er tre romanar i eitt. Den eine forteljinga handlar om Arvid Lunde som flyttar til Odda tidleg på 1980-talet og begynner som lærar på gymnaset. Han gjør ikkje mykje av seg, men så blir Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda, og blir lærar på gymnaset. Han ser ut som om han ønskjer å bli slukt av staden, som om han vil gå i eitt med røyken, regnet og skodda. Ein dag tar tidsånda plass i den tynne kroppen hans, og det blir kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel. Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer ol på Lillehammer. Han vil gjøre ein siste, desperat handling. Ein gong var han ein som kjente folks drømmar, ein som leverte lykke på dørene. No er butikken lagd ned og ho han var gift med hugsar ikkje lenger kva han heiter. Dei er ulevande og ingen kan sjå dei. Dei kjører grå tenestebilar av merke Toyota Corolla, og dei ferdast gjennom gatene i eit utlevd Oslo. Dei har namn som Gerhardsen,