Denne boka dekkjer læreplanmåla i programfaget sal og marknadsføring i programområdet reiseliv på Vg2 i service og samferdsel, bortsett frå målet om webdesign, som er dekt i den nye verktøyopplæringsboka IT-guiden for Microsoft Office 2007/Windows Vista. Forfattarane har prøvd å gjere framstillinga så enkel og praksisnær som mogeleg. Språket er tilpassa nivået til elevane, og mange av døma og oppgåvene tek utgangspunkt i verkelege hendingar. Kapittel 8 «Reservasjonssystem» er skrive av Anne Løschbrandt. Til læreverket er det utarbeidd ei elektronisk lærarrettleiing med løysingsforslag til alle oppgåvene. Fagbokforlaget tilbyr også lærebøker til dei to andre programfaga i same programområde; Etablering og drift og Vertskapsrolla.