Samhandling og kvalitet i helseorganisasjonar
I «Samhandling og kvalitet i helseorganisasjonar» set forfattarane fokus på kvalitet og effektivitet i ulike delar av helse- og omsorgssektoren. Dei syner kor kompleks sektoren er, og ser nærare på fenomenet samhandling og vilkåra for god samhandling.Helse og omsorgssektoren vedkjem og engasjerer oss alle. Den blir gjerne sett på som kjernen i velferdsstaten, eit felt der innbyggarane har krav på gode tenester. Men i dag går nesten kvar femte krone som blir brukt i statleg eller kommunal sektor til helsestellet. Sjølv om behova er store, er det også grenser for ressurstilgangen. Dette er bakgrunnen for at organisering og samhandling er sentrale tema kvar gong det er snakk om helsesektoren.Boka vender seg til 3. års bachelorstudentar og masterstudentar innan helse- og sosialfag. Den vil også vere svært nyttig for praktikarar som trenger ei djupare forståing for fenomenet samhandling, og kva som skal til for å få til god samhandling i eigen organisasjon.Oddbjørn Bukve er professor ved Hø