Samtid (1936) tar for seg ei bygd i indre splid. Hovudpersonen Agnar, ser at det berre er småting folk slåst om, men òg at striden kan føre til tragedie. Han tek på seg å frelse bygda. Samstundes kjem vi nær innpå hans personlege liv, hans tap, hans eigen strid med kjærleiken, hans evne til å gå vidare.