menu-bar All the categories

419,00 kr 334,00 kr

Hovudmålet med denne boka er å vise korleis ein kan arbeide med samtidslyrikk i klasserommet: skriftleg, munnleg, analytisk, kreativt. Her er samtidslyrikken utgangspunktet for den klassiske diktanalysen, for fagsamtalen, for fordjupingsemnet, for diktopplesing, kreativ tekst og klassesamtalar om litterær kvalitet. Boka inneheld presentasjonar av nokre forfattarar og lesingar av utvalde dikt. I tillegg får lesaren vere med på nokre funderingar over spørsmål ein truleg berre møter i lyrikken: Kan ein måle universet med teskei? Kva slags bruer kan vekse ut i verdsrommet? Korleis lyser epla på trea? Korleis hindrar skulen skogen? Samtidslyrikk i klasserommet er eit forsvar for poesien og skjønnlitteraturens vedunderkraft, for den langsame tenkinga og danninga. Boka er samstundes eit forsvar for ei systematisk og eksplisitt norskfagleg lese- og skriveopplæring, og for den nytteverdien ei slik lese- og skriveopplæring har for andre fagfelt og yrke. Kjersti Rognes Solbu er norsklektor ved Fy