Sandvin, Per-Øystein Kokk- og servitørfag (8245006475)
Denne boka er ein del av eit læreverk for programområdet kokk- og servitørfag innan restaurant- og matfag Vg2, skriven i samsvar med læreplanen og intensjonane i Kunnskapsløftet. Ho tek for seg tema som er viktige for alle som skal lage til eller servere mat, til dømes mikrobiologi og hygiene, kvalitet og regelverk, kosthald, ernæring og helse. Ho tek også for seg etikk og miljø, marknad, økonomi og service, og ho fortel litt om drikkevarer og om tradisjon og trendar når det gjeld mat. Per-Øystein Sandvin er hovudforfattar og redaktør for boka. Han er utdanna kokk og har vidareutdanning i matteknikk, akvakultur, sjømatforedling, matkultur og pedagogikk. Han har brei arbeidserfaring, og har undervist i matfaga i den vidaregåande skolen, mellom anna ved Norconserv næringsmiddelteknisk fagskole. Læreverket i restaurant- og matfag Vg2 er utvikla i samarbeid mellom Fagbokforlaget, Gastronomisk Institutt og Grieg Multimedia.