menu-bar All the categories

633,00 kr

Boka er ein del av eit læreverk for programområdet matfag innan restaurant- og matfag Vg2, skriven i samsvar med læreplanen og intensjonane i Kunnskapsløftet. Boka tek for seg tema som er viktige for alle som skal arbeide med mat, til dømes hygiene, konservering, matkjemi, kvalitet og regelverk. Ho tek også for seg etikk og miljø, prosess, automasjon og måleteknikkar, og ho fortel litt om marknad og økonomi når det gjeld mat. Til boka er det også ei lærarrettleiing og interaktive læringsressursar på Internett. Per-Øystein Sandvin er hovudforfattar og redaktør for boka. Han er utdanna kokk og har vidareutdanning i matteknikk, akvakultur, sjømatforedling, matkultur og pedagogikk. Han har brei arbeidserfaring, og har undervist i matfaga i den vidaregåande skolen, mellom anna ved Norconserv næringsmiddelteknisk fagskole. Læreverket i restaurant- og matfag Vg2 er utvikla i samarbeid mellom Fagbokforlaget, Gastronomisk Institutt og Grieg Multimedia.