menu-bar All the categories

432,00 kr

Kring år 700 blei dette hogd i stein på garden Eggja i Sogndal (Sogn og Fjordane) i runeskrift: .ni s solu sot uk ni sakse stain skorin'. 1300 år seinare kan denne utsegna mest naturleg lyde slik: .Steinen er ikkje oppsøkt av sol, og ikkje er det skore i han med sverd'. Ei språkhistorie skal forklare kva som har skjedd mellom desse to versjonane av norsk språk. Det gjer Norsk språkhistorie (NSH), og ho fortel om korleis språket er blitt brukt, og korleis folk har vore opptatt av språket til ulike tider. Andre språk i Noreg blir òg omtalt.
Norsk språkhistorie i fire band er ei samla vitskapleg framstilling av språket frå urnordisk til nyare moderne norsk. Det har vi ikkje hatt før. Verket er skrive i eit samarbeid mellom fagfolk ved universitet og høgskolar.
Dette bandet, Ideologi, tar til med ei innleiing som drøftar ideologiomgrepet. Bandet har fem kapittel, eit historiografisk om det å skrive språkhistorie, to som er idéhistorisk vinkla; det eine har eit norsk, innanfrå-perspektiv på idéhistoria om norsk språk, det andre ser norsk språkhistorie utanfrå og i eit jamførande perspektiv. Forholdet mellom språkleg praksis og geografisk forankring er tema i eitt kapittel, slik språkpolitikk, -planlegging og -standardisering er det i eit anna.