Midt under ein heftig debatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av innbyggjarane i distriktet også har motiv for å stå bak ugjerninga. Bomba er ei av fleire dramatiske saker som lokalavisjournalist Karianne Grinde kan grave i. Ikkje berre er temperaturen høg i cruisedebatten, det dukkar òg opp eit lik under Nigardsbreen. Under rivinga av det gamle sanatoriet Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører grufulle overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider. Men eigentleg startar historia i 1821 - då sjølvaste Gjest Baardsen dukkar opp på ei skjenkjestove i Solvorn. Politimannen og journalisten nøstar frå kvar si side. Det viser seg at dei gamle og nye historiene er samanvovne - og det skal få fatale konsekvensar. Med dei indre delane av Sognefjorden som g